Ingeniør Knut Berg

Ingeniør Knut Berg vart det fyrste norske, truleg nordiske, svaret på dei amerikanske science-fiction seriane. Dei amerikanske fantasiseriane var helten ofte ingeniør, men seriane vart likevel cowboy-seriar i ny bunad. Ingeniør Knut Berger ingeniør, europear og nordmann. Serien er ikkje nokon blåkopi av dei amerikanske seriane. Ingeniør Knut Berg står fjellstøtt på eigne bein.

Dette er et eksempelavsnitt. Det skal vise om det blir lite lite luft mellom avsnitta som ellers.

Det nordiske varet på amerikanske helteseriar

Ingeniør Knut Berg vart det fyrste norske, truleg nordiske, svaret på dei amerikanske science-fiction seriane. Dei amerikanske fantasiseriane var helten ofte ingeniør, men seriane vart likevel cowboy-seriar i ny bunad.

Ingeniør Knut Berger ingeniør, europear og nordmann. Serien er ikkje nokon blåkopi av dei amerikanske seriane. Ingeniør Knut Berg står fjellstøtt på eigne bein. “De er nordmann, truleg ingeniør, Velkomen! Eg treng dugende folk”. Slik helsar den buddhistiske øvstepresten Si Kahn ingeniør Knut Berg velkomne til Månefjellet i Tibet i 1941.

Debuterte i 1941

Ingeniør Knut Berg debuterte i Nynorsk Vekeblad nr 27 i 1941. Der står han på jernbanestasjonen i Bongahama i India etter å ha fullført oppdraget med Jarnbaneutbygginga dit. Serien het då Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland. Det fjerne austen var på den tida det mystiske og eventyrlege; det som set fantasien si sving hos oss nordmenn. Der kunne alt hende. I Europa var det krig og revolusjonar, og lengten etter frelser vi då Knut Berg kjem til det løynde landet Kallmanko. Det har det vore fred i 500 år. Seriestripene vart samla i eit julehefte fyrste gongen i 1943. Etter mange eventyr i fjerne kjende og ukjende land finn ingeniøren vegen ut i verdsrommet til fjerne galaksar og planetar som enno ikkje er oppdaga av andre enn Knut Berg og mannskapet hans. Jarnvegsingeniøren vert romfartsingeniør.

Avløysaren for Bygd og By

Nynorsk Vekeblad kom med det fyrste nummeret i 1934. Det var ein moderne avløysar av vekebladet For Bygd og By, som til då hadde vore det nynorske vekebladet. Nynorsk Vekeblad samarbeidde med vekebladet Illustrert. Annonsar, byråstoff og teikneseriar var dei samme i begge blada. Kvart blad hadde så 8-12 sider til eigne stoff. Ved krigsutbrotet i 1940 stogga blada ei tid. Då Nynorsk Vekeblad kom ut at hausten 1940 var det slutt på samarbeidet med Illustrert. Forlagsjef og redaktør Hans Aarnes laut finna erstatting for Nils og Blåmann og Tom Trick. I staden for Nils og Blåmann kom Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg i staden for Tom Trick.

Gullalderen

1930-åra er kjend som gullalderen for norske teikneseriar. Dei fleste var likevel barneseriar, som Smørbukk eller husmorseriar. Norske fantasiseriar, eller science-fiction seriar, fanst ikkje. Redaktør Aarnes laut rydda nytt rom for ein slik, norsk serie. Dei fleste meinte dette var uråd. Ingen norsk forfattar kunne skrive ein slik serie. Men Hans Aarnes meinte han visste om ein som kunne aksle ei slik oppgåve. Hallvard Sandnes var alt då ein kjend og mykje lesen forfattar. Han var frå Setesdal og var oppvaksen med den sterke forteljartradisjonen der i dalen. Han tok på seg oppgåva, og det synte seg at han var den rette mannen. Hans Aarnes fann den rette teiknaren og. Det var Jostein Øvrelid frå Volda. Jostein Øvrelid var ein gåverik teiknar, og til det teknisk interessert. I ungdommen stod han framfor valet mellom ei ingeniørutdanning eller kunstnarvegen. Han valde kunstnarvegen, men den tekniske interessa hadde han med seg heile yrkeslivet. Han vart tilsett i Fonna Forlag, der han var forlagsredaktør, ein av to redaktørar for det store leksikonet Norsk Allkunnebok og ei tid forlagssjef.

Den framsynte redaktøren

Stor takk in absentia til den framsynte redaktør og forlagssjef Hans Aarnes, forteljaren, forfattar Hallvard Sandnes og den teknisk interesserte teiknaren Jostein Øvrelid. Kjenarar, og ingeniørar, set den dag i dag stor pris på det dei skapte. Dei rydda vegen for den norske og nordiske science-fiction.

Blir denne blokka like stram?