Vangsgutane

VANGSGUTANE FRÅ 1941 TIL I DAG.

av Arthur Mo

Vangsgutane såg dagens lys i Nynorsk Vekeblad nr. 17 den 5.oktober 1940 Året etter kom det første juleheftet med opptrykk av seriane frå Vekebladet. Sidan har det kome et utgåve kvart år med unntak av 1944, 1946 og 1963. I 1953 og 1983 kom det også eit sumarhefte. Det var lærar og forfatter Leif Halse som etter oppmoding frå forlagssjef Hans Aarnes i Fonna Forlag som skapte denne serien med forteljingar frå norsk kvardagsliv på landsbygda. Heltane i serien var Steinar og Kåre på 12 og 10 år. Dei skulle utgjere eit motstykke til fantungane Knoll og Tott i den amerikanske serien med same namn som hadde vore på den norske bladmarknaden i omlag 30 år.

Todalen

Vangsgutane høyrer heime i Todalen på Nordmøre og der møter vi alle hovudpersonane i serien. Steinar og Kåre syner stor arbeidshug, er pliktoppfyllande og har god moral. Ja, enkelte har meint nok at dei vert for einsidige framstilt og er for lite realistiske. Larris står i sterk kontrast til desse ”engleborna” og er ofte frampå med rampestrekane sine. Men han blir hardt straffa både i heimen og i bygda. Det gjekk så langt at Leif Halse måtte endre karakteren og Jens R. Nilssen hårfargen til den raudhåra guten frå Skjorhagen. I dei seinare hefta samarbeidde Larris med Vangsgutane og vart også eit omtykt muntrasjonsråd i guteflokken.

Teiknaren

Framsida frå nr.1 i 1941 Jens R. Nilssen teikna dei 16 fyrste julehefta og med sin bakgrunn som karikaturteiknar la han mykje arbeid i å få fram gode særtrekk ved personane. Enno i dag kan ein dra på smilebandet når ein ser teikningane hans i serierutene.
Teiknarar som overtok arbeidet etter Jens R. var etter kvart Bjarne Kristoffersen, Ivar Pettersen, Atle Steinsfjord og John Thoresen. Frå 1982 og frametter har forlaget berre gitt ut hefter med nyopptrykk der Jens R. var illustratør. Dei 10 siste åra vart teikningane i hefta fargelagt.

Nynorsk Vekeblad