Historia om Fonna Forlag

Fonna Forlag LL er eit aksjeselskap. Forlaget ligg i Oslo. I 2009 flytte forlagskontoret frå St. Olavsgate, der forlaget heldt til i mange tiår, til Underhaugsveien 9 A. Forlagssjef i dag er Arnt Dagfinn Årnes. Forlaget vart grunnlagt i 1933 – 1934 med namnet Nynorsk Vekeblad. Føremålet var å gje ut vekeblad og anna populærlitteratur. I 1940 – 1943 vart aksjekapitalen utvida og forlaget skifte namn til Fonna Forlag. Nedanfor kan du lese soga om Fonna Forlag og den sentrale plassen forlaget har hatt i norsk forlagsverksemd, serleg for litteratur, lærebøker, skuletilfang, brevskule og populærlitteratur på nynorsk.

Nynorskpressa

Våren 1933 vart nokre målmenn kalla inn til eit rådleggingsmøte i bygarden åt Oslo fylkeslag av Noregs Ungdomslag  i Oslo. Det var Samyrkenemndi for nynorskpressa som var kalla inn til møte av formannen i nemnda, Hans Aarnes. Det var vanskelege tider for målblada. Det einaste vekebladet på nynorsk, ”For bygd og by” som Olaf Norlis forlag gav ut, skulle slutta ved årsskiftet 1933. Bladet hadde då kome ut i 20 år, og siste redaktøren i bladet var den kjende pressemannen  og redaktøren Arne Falk, også kjend under pseudonymet Frifant .  Landslutspelet  til inntekt for målpressa kom i gang i 1932 og var vellukka, men det muna ikkje nok til alle målbada. Spørsmålet var om målfolket no skulle gjeva opp det eine bladet etter det andre, eller om dei skulle taka fatt på nytt. Mange meinte at eitt vekeblad på nynorsk laut ein ha, men fleire tvila på at det let seg gjera.  Det vart til sist likevel sett ned ei arbeidsnemnd for eit  nynorsk vekeblad. I nemnda vart valde Hans Aarnes, Aslak Torjusson og Torgeir Bjørnarå.

Nynorsk Vekeblad

Fyrste planen for det nye vekebladet, var å skipa eit aksjeselskap med ein kapital på 500.000 kroner. Aksjeteikninga kom i gang, men vart stogga. Grunnen var eit nytt partipolitisk ubunde nynorsk dagblad, Norsk Tidend, som skulle løysa av  venstrebladet ”Den 17de Mai”. Dette arbeidet vart sett på som viktigare enn eit vekeblad. Løysinga vart teikning av 5-års tingingar på vekebladet, og med faste seljarar kringom i landet. Ein avtale med selskapet Emil Moestue om å gje ut Nynorsk Vekeblad som ein sideutgåve av Illustrert Familieblad kom i stand, og prøvenummeret kom ut i desember 1933.Samarbeidet med Illustrert Familieblad gjorde Nynorsk Vekeblad til eit moderne blad, fullt på høgd med Hjemmet og Allers, som var dei to største. Avtalen var at Nynorsk Veleblad skulle fylla ca 10 sider med eige stoff, resten av innhaldet og lysingane, 30 – 32 sider, vart omsett frå Illustrert. For det meste var dette byråstoff og annonsar. Det eigenproduserte stoffet stod trygt i mål-, ungdomslag- og folkehøgskuletradisjon. Bygdeungdomen skulle få eit blad til hugnad og opplysning. Forteljingane skulle vera norske og bladet skulle gje rettleiing i norsk mat, husbunad, klede, namneskikk, osb. Det fyrste vanlege nummeret kom 20. juni 1934. Fonna Forlag har tradisjon for å rekna denne datoen som skipingsdatoen, jamvel om sjølve forlaget kom til seinare. Opplaget var rekna til 20.000. Illustrert Familieblad auka jamt og trutt, slik at desse to blada til saman vart store og gode annonseorgan. Fram mot 1940 minka diverre opplaget åt Nynorsk Vekeblad.  Ein styrkt salsorganisasjon måtte til. Det vart Johan Austbø og Gerhard Kjølås som sto i brodden for dette arbeidet.

Fonna Forlag LL

Då krigen kom 9. april 1940 stogga arbeidet i bladet. Samarbeidet med Illustrert Familieblad stogga også, og kom aldri i gang att. Det vart sett ned ei arbeidsnemnd med Hans Aarnes, Aslak Torjusson og Kristoffer Sælid. Dei klarde å få ny finansiering, og 1. oktober 1940 kom Nynorsk Vekeblad i gang att, men diverre ikkje i same bladbunaden som før. Det vart arbeid med å skipe eit nytt selskap som skulle stå for utgjevinga og i 1943 vart Fonna Forlag LL offisielt skipa for å vidareføra vekebladet. Men forlaget tok etter kvart mål av seg til noko meir. Brevskulen Fram-skulane vart skipa, Nynorsk papir- og bokhandel kom til og arbeidet med leksikonet Norsk Allkunnebok byrja. Ved sida av bok-og papirhandel og bladdrifta kom det etter kvart mange bøker, både romanar, barnebøker, populærvitskap, skuletilfang og lærebøker. Jolehefta vart også ei viktig inntektskjelde. Fremst kom ”Vangsgutane” av Leif Halse og Jens R. Nilssen, så ”Ingeniør Knut Berg” av Hallvard Sandnes (Vigleik Vikli) og Jostein Øvrelid (Ronald Stone) og det tradisjonelle ”Norsk Jul”. I krigstida var vanskane store. Redaktør Hans Aarnes vart truga med arrestasjon, Leif Halse sat i fangeleiren på Falstad og Hallvard Sandnes på Grini. Manuskripta til ”Vangsgutane” og ”Ingeniør Knut Berg” måtte difor smuglast ut, men lesarane merka ingen ting. Seriane var å finne på sin vanlege plass i Vekebladet i kvart  nummer.

Norsk Allkunnebok

Det største lyftet, og det som knekte forlaget økonomisk, var Norsk Allkunnebok; eit leksikon i 10 band med atlas og juridisk leksikon attåt. Hovudredaktørar var Arnulv Sudmann og Jostein Øvrelid. Den dag i dag meiner mange at denne allkunneboka er det viktigaste verket på nynorsk, etter Ivar Aasen si ordbok. Allkunneboka hadde 384 medarbeidarar, spesialistar på kvart sitt område. Fleire av dei var også faste skribentar i Nynorsk Vekeblad. Det fyrste bandet kom i 1948, det siste i 1966. Grunna prisauken etter krigen og hard tevling frå dei to store forlaga med betre salsorganisasjonar, vart dette eit lyft Fonna knapt makta. Jamvel om Nynorsk Vekeblad hadde eit opplag på 37.000 i åra etter krigen og bøkene gjekk bra, vart kapitalen for liten. Løns- og prisauke og papirrasjonering valda problem. Skorten på pengar gjekk sjølvsagt ut over både Vekebladet og utgjevingstakten av Allkunneboka. Forlaget veikna. Frå å vera eit mellomstort forlag og det sentrale nynorskforlaget, minka det etter som åra gjekk. Forlaget klarde likevel å fullføra utgjevinga av Allkunneboka, jamvel om talet på band ikkje vart så mange som planlagt. Men det kosta. Bergitt Villesvik hadde lange arbeidsdagar i forlaget eit heilt yrkesliv, og vel så det. Det same gjeld Jostein Øvrelid. Hans Aarnes gjekk bort altfor tidleg, og fleire andre sleit seg også ut. Likevel har Fonna Forlag overlevd, om ikkje i den storleiken det ein gong var. I 1967 kom Lev Tolstoj sitt storverk ”Krig og Fred” ut i fire band; den til då einaste heile omsetjinga av verket til norsk. Arne Gallis, Bjarne Fidjestøl og Olav Rytter sette om. Forlaget har også lagt ned mykje arbeid i å gjera den islandske og færøyske bokheimen kjend i Noreg. Ivar Orgland stod i brodden for det. ”Vangsgutane” og ”Ingeniør Knut Berg” kjem framleis ut kvar jol; den siste i Bring & Bringsværd og Westad si nyskaping. Ungdomsserien ”3 Rips” er ei anna nyskaping. Fleire er i kjømda. Bokutgjevingar også.

Nynorsk Bok- og Papirhandel

Fonna hadde i ei årrekkje sin eigen bok- og papirhandel med namnet Nynorsk Bok- og Papirhandel. Den låg på St. Olavs plass i Oslo, i fyrste etasje i det bygget Fonna Forlag hadde kontora sine.

Fram-skulane

Til forlagssoga høyrer også Fram-skulane. Hans Årnes grunnla i mellomkrigstida Norsk Bladmannaskule. Dette var den fyrste skulen for journalistyrket her i landet. Skulen vart etter kvart ein rein brevskule med fleire opplæringstilbod enn berre journalistikk. Namnet vart endra til Fram-skulane. Skulen tilbaud opplæring i ei rekkje fag i tillegg til journalistikk. Fram-skulane hadde kontor og administrasjon saman med Fonna og var i praksis ein del av forlaget. Etter kvart som skule- og opplæringsstrukturen vart utbygd i etterkrigstida, miste skulen, til liks med det andre brevskulane, grunnlaget for vidare drift.